FRUDALEN: Ulukka har skjedd på sogndalssida av Frudalstunnelen. (Foto SA-tipsar)

To personar kritisk skadde - sende til Haukeland med luftambulanse

Fire sende til sjukehus etter ulukka ved Frudalstunnelen.

Publisert 07.01.2018 kl. 11.33. Oppdatert kl. 20.38.

Siste: Helse Førde melder at to personar er kritisk skadde. Dette er to kvinner i 50-åra. Dei andre involverte, to menn, også dei i 50-åra, er alvorleg skadde, opplyser Helse Førde.


Søndag kveld vart dei to kvinnene sende vidare til Haukeland Universitetsykehus med luftambulanse.


Helse Førde melder at det var buss og to bilar involvert i ulukka. 


Dei fire er sende til Førde sjukehus. Øvrige involverte personar tilsett av kommunal legevakt.


Ulukka har skjedd på Sogndalssida av tunnelen og det er ein buss og ein personbil som har kollidert.


Politiet melder at ein person sit fastklemd og at naudetatane er på veg.


Det er glatt veg på staden og dårleg vêr. 


Ulukka skjedde like før klokka 11.30 søndag. 


Vegen var heilt stengd etter ulukka, det same var Bergstunnelen. Søndag ettermiddag opna Frudalstunnelen for trafikk att med manuell dirigering og Bergstunnelen er opna att. 


Like før klokka 12.00 melder politiet at tre personar er henta med ambulanse.


Då sat ein person framleis fastklemd.


 


 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida