To køyretøy vart avskilta

Publisert 13.09.2017 kl. 14.57.

 


To køyretøy vart avskilta då Statens vegvesen gjennomførte trafikkontroll på Årdalstangen og i Øvre Årdal onsdag føremiddag.


Eit av køyretøya vart avskilta på grunn av manglande årsavgift, medan eit anna køyretøy vart avskilta etter periodisk køyretøykontroll.


Totalt vart det kontrollert 139 køyretøy. Fire bilistar fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte. I tillegg fekk tre køyretøy skriftelege manglar.


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida