To køyretøy fekk bruksforbod

Publisert 08.03.2018 kl. 05.43. Oppdatert kl. 05.46.

Mellom klokka 15 og 23 onsdag ettermiddag og kveld var to av Statens vegvesens kontrollørar ute og kontrollerte lette køyretøy på strekninga Luster-Hafslo-Sogndal. 99 køyretøy vart kontrollerte, og av desse vart del lagt ned bruksforbod på to køretøy. Eitt fordi det mangla lys på hengaren og eitt fordi køyretøyet ikkje hadde kjenneteikn framme.


Det vart skrive ut mangellapp på seks køyretøy, fire av desse fordi det var feil på lysa på køyretøya.


I løpet av kontrollen vart det skrive ut til saman seks gebyr. To fordi det ikkje vart brukt bilbelte, eitt grunna manglande vognkort og tre gebyr fordi sjåførane ikkje hadde førarkortet med seg.


Siste saker Gå til framsida