SJEKKA CAMPINGVOGNER: Bubilar og campingvogner var i fokus under kontrollen på Håbakken måndag. (Illustrasjonsfoto)

To førarar melde til politiet

Statens vegvesen hadde fokus på kontroll av bubilar og campingvogner i kontroll.

Publisert 10.07.2018 kl. 09.40. Oppdatert kl. 10.02.

Under kontrollen på Håbakken måndag vart også større varebilar og bil med tilhengar. Her er det ein jamn fordeling av utanlandske og norske køyretøy. 


Kontrollen viser at bubilane og campingvognene ofte er lasta opp mot det maksimale, medan nokre tek med meir enn tillatt og går over det som er teknisk tillete for desse køyretøya, heiter det frå vegvesenet. 


 


Måtte lasta av

Kontrollen viser at at tre bubilsjåførar og fire førarar av campingvogner måtte lasta av til lovleg tilaten vekt. 


Ein førar av bil med tilhengar mangla førarrett for å trekka slik tilhengar og vart meldt til politiet. Ein sjåfør av varebil hadde lasta så mykje over teknisk tillaten vekt at han i tillegg til avlasting også vart melde til politiet. 


Det vart i tillegg skrive ut fire førelegg for tekniske manglar for defekte lys og ein fekk teknisk mangel og bruksforbod på grunn av utslitne dekk. 


Siste saker Gå til framsida