Politi og ambulanse har rykt ut til ei trafikkulukke mellom Murane og skihytta i Fardalen i Øvre Årdal. (Foto: Jan Egil Fimreite)

To bilar og tre personar involvert i trafikkulukke

Politi og ambulanse rykte tysdag ut til ei trafikkulukke på Tindevegen, mellom Murane og skihytta i Fardalen i Øvre Årdal.

Publisert 04.09.2018 kl. 11.37. Oppdatert kl. 12.57.

- Det er dårleg telefondekning der oppe, men det skal vera snakk om ei møteulukke, seier vakthavande i alarmsentralen Sogn og Fjordane IKS.


Vest politidistrikt fekk melding om ulukka klokka 11.11.


- To bilar og tre personar involvert. Naudetatar er på staden, skriv politiet på Twitter klokka 11.59.


Politiet stadfestar at det var ein frontkollisjon mellom to personbilar, ein sportsbil og ein el-bil.


- Førar og passasjer i el-bilen er frakta til Lærdal sjukehus. Ukjend skadegrad. Førar av sportsbilen er uskadd, skriv politiet på Twitter klokka 12.48.


Tindevegen er no opna att for trafikk. 


Les meir om: Nyhende Trafikk Årdal