HALV ÅTTE: Den eine klescontainaren til Fretex hamna i Hæreidselvi, den andre var på god veg. (Foto: Steinar Drægni)

Tatt av vinden

Fretexcontainaren hamna på elva i blesten.

Publisert 16.02.2018 kl. 14.00.

Det var tidvis kraftige vindkast i sentrum på Årdalstangen torsdag ettermiddag, og i Saltviki måtte containerane som er merka med Fretex til slutt gje tapt. Den eine av to containerar hamna i elva, medan den andre hamna på halv åtte like ved breidda av Hæreidselvi.

I ELVA: Ved munnina av Hæreidselvi skimtast den eine containeren under vatn. (Foto: Steinar Drægni)

Tunge ting

- Og her snakkar me om tunge ting, seier Steinar Drægni, dagleg leiar av Frivilligsentralen, som har oppsyn med containerane.


Frivilligsentralen har nemleg eit opplegg saman med SIMAS og Frelsesarmeen, som går ut å at Frivilligsentralen tømmer containerane ein gong i veka og frakast innhaldet til ein støre container ein annan stad i i bygda.


Når denne er full vert kleda sendt vidare til Fretex sine mottak. Til saman har meir enn 44 tonn klede blitt levert i akkurat desse to containerane i løpet av dei siste tre åra.


Nøtt å knekkja

Korleis containeren hamna på elva er altså på det reine. Det som førebels er noko uvisst, er korleis den skal komma seg på land att.


Det vert ei nøtt for kommunaltekniske tenester å knekkja.


Det er så langt ikkje meldt om andre skader, verken materielle eller menneskelege som følgjer av den kraftige vinden i Årdal denne dagen.


Les meir om: Nyhende Uvêr Årdal

Siste saker Gå til framsida