STORMFLO: Stormflo i Sogn i dag. På tidlig ettermiddag, estimert til 30 - 40 cm høgre enn normalt. Her frå Lærdal. (Foto Jan Chr. Jerving)

Storm, stormflo og stengd fjellovergang

Kan komme vindkast på 30-40 m/s inn over land seint torsdag og natt til fredag.

Publisert 07.12.2017 kl. 16.06. Oppdatert kl. 16.30.

Frå seint torsdag kveld, eller natt til fredag, kan vinden komme opp i vestleg full storm 25 m/s, og kortvarig sterk storm 30 m/s på kysten og i fjellet i sørlege delar av Sogn og Fjordane.


På fredag er det venta nordvest full storm 25 m/s utsette stadar i heile fylket, melder Meteorologisk institutt.


Det er eit stormsenter som torsdag ligg utanfor Shetland og som er på veg mot Vestlandet og som gir full storm utsette stadar i fylket.


 


Fjellovergangar

På rv.13 Vikafjellet vart det først varsla om kolonnekøyring på grunn av uvêr torsdag ettermiddag.

Klokka 16.30 vert det meldt at fjellet er stengt.

På dei andre fjellovergangane er det fri ferdsel, men sterk vind også der.

Hald deg oppdatert på vegvesen.no

 

Les meir om: Siste Nytt Nyhende

Siste saker Gå til framsida