STENGD: Årdal-Tyin var blant fjellovergangane som vart stengd i natt. (Foto: Arkiv)

Storm stengjer fleire fjellovergangar

Fylkesvegane Hol-Aurland og Tyin-Årdal er begge stengde på grunn av uvêr.

Publisert 22.12.2017 kl. 06.09.

Fylkesveg 53, Tyin-Årdal vart stengd klokka 02.30 natt til fredag, medan fylkesveg 50, Hol-Aurland, har vore stengd sidan torsdag kveld.


Det er vidare kolonnekøyring på riksveg 13 over Vikafjellet og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.


Den einaste vinteropne fjellovergangen inn og ut av fylket som har fri ferdsel, er E16 over Filefjell. Her bles det liten storm klokka 05.30 fredag morgon. Sikten var nokre stader redusert på grunn av uvêret. Det er minus to grader og snøbyger over FIlefjell.


Også riksveg 7 over Hardangervidda er stengd på grunn av uvêr. Den blir ikkje opna att i dag.


 


Siste saker Gå til framsida