Stoppa vogntog som køyrde stygt

Publisert 12.06.2018 kl. 13.35. Oppdatert kl. 14.45.

Politiet har stoppa eit vogntog i Lærdalstunnelen etter meldingar om stygge forbikøyringar, høg fart og køyring tett opp i andre bilar.


Køyretøyet kom frå Aurland. Politiet tok vogntoget med til eigna stad for kontroll av bil og førar.


På twitter skriv politiet i ei oppdatering at sjåføren av det utanlandske vogntoget blåste til 0,0 i promille, men at han hadde sprikande forklaringar på køyreadferda. 


Patruljen melder at sjåfør har fått tilsnakk, og at køyretøy blir kontrollert nærare på Håbakken kontrollstasjon i Lærdal.


Les meir om: Nyhende Lærdal Notis Politi