Stogga med 26 tonn usikra last

Publisert 10.09.2018 kl. 14.56.

Ein latvisk vogntogførar vart måndag meld for manglande sikring av gods under ein tungtransportkontroll på Håbakken i Lærdal. Køyretøyet var lasta med om lag 26.000 kilo stålplater. Desse var tilnærma usikra og dei få stroppene som var nytta til sikring var heilt lause, melder Statens vegvesen.


Køyretøyet var også overlasta på tilhengaren og firma måtte ut med 3.800 kroner i overlastgebyr.


I tillegg vart ein norsk turbussjåfør meld for grove brot på køyre- og kviletidsføresegnene, og vart pålagd 45 timar kvile på Håbakken før vidare køyring. Eit anna norsk lastebilfirma fekk 8.000 i bombrikkegebyr for å ikkje ha brikkeavtale på plass. Same vogntog fekk teknisk mangellapp på sprukken frontrute og bruksforbod for manglande merking av spesialtransport.


Eit polsk bussfirma fekk 16.000 kroner i bombrikkegebyr då bussen vart stoppa utan bombrikkeavtale for andre gong i sommar, medan eit rumensk vogntog fekk køyreforbod for å vera teknisk overlasta på framaksel.


Siste saker Gå til framsida