TJUVERI: Det vart stole eit brannsløkkingsapparat frå den nyopna Filefjelltunnelen natt til måndag. Biletet er frå opninga 29. september. (Foto: Jan Christian Jerving)

Stjal brannsløkkingsapparat i ny tunnel

Eit brannsløkkingsapparat vart natt til måndag fjerna frå Filefjelltunnelen.

Publisert 20.11.2017 kl. 06.31.

Tjuveriet av apparatet førde automatisk til full utrykking. Dei kunne konstatera at det ikkje brann i tunnelen, men at eit apparat var fjerna.


Filefjelltunnelen vart opna i slutten av september og ligg på E16 mellom Tyin og Lærdal.


Det er elles vinterleg på fjellovergangane. Over Filefjell var det i morgontimane snø- og isdekke, minus 14 grader, laber bris og opphaldsvêr.


På riksveg 13 over Vikafjellet var det minus fire grader, laber bris og lette snøbyger.


Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet hadde lett bris og opphaldsvêr. Temperaturen var minus sju grader.


Fylkesveg 13 over Gaularfjellet har vore stengd sidan fredag. Det blir ei ny vurdering i dag klokka 12.00.


Fylkesveg 50, Aurland-Hol, hadde minus fire grader, lett bris og opphaldsvêr.


Fylkesveg 53, Årdal-Tyin, hadde ikkje oppdaterte meldingar mådag morgon.


Sognefjellet er no stengd for vinteren.


 


Siste saker Gå til framsida