Vik skiskyting stilte med 24 deltakarar frå nybyrjarklassen til og med 16-årsklassen på Liatoppen i helga. (Foto: Kåre Espeland)

Sterke resultat og to pallplassar på Liatoppen

Vik IL sin unge og lovande skiskyttarar gjorde det skarpt på verdas største skiskyttarfestival i helga.

Publisert 15.04.2018 kl. 18.54.

Liatoppen Skiskyttarfestival er den årlege avslutninga på vintersesongen for skiskyttarar frå heile landet.


Dette er verdas største skiskyttarrrangement med over 1100 deltakarar. Festivalen vart i år fullteikna på 32 sekund, melder arrangøren.


- Den årlege helga på Liatoppen er først og fremst ein fantastisk skiskyttarfestival, der både unge utøvarar, foreldre og støtteapparat storkosar seg, seier Jorunn Åsfrid Røyrvik i skiskyttargruppa.


24 aktive frå Vik

Ho kan fortelja at Vik skiskyting stilte med 24 deltakarar frå nybyrjarklassen til og med 16-årsklassen.


- Desse var i konkurransane fredag, laurdag og søndag. Det er klart at det vert alvor når ein tek på seg startnummeret, men det er ikkje sjølvsagt med så mange gode plasseringar som Vik IL har fått med seg i år, seier ho.


Fredag var det stafett som stod på programmet, der Madelen Fosse Skagen, Ingeborg Indrehus og Sara-Sofie Africa Hegg frå Vik gjekk inn til ein sterk bronsemedalje.


Og det viser seg at det var 11 og 12-åringane som gjorde det best i år. I tillegg til stafettbronsen, tok Andrea Heimdal Aase, Robin Årevik og Jon Bjarte Rinde ein sterk 7. plass i mix-stafett i 11-12 årsklassen.


Individuell medalje

Andrea Heimdal Aase gjorde det også godt då ho søndag tok ein strålande 3. plass med 10 treff i individuell normalløp i 11-årsklassen. Her var det 57 i klassen.


 - Dette var den andre medaljen i helga. Å ta individuell bronse i ein så tøff klasse er kjempesterkt, seier Røyrvik.


I 12-årsklassen viste Madelen Fosse Skagen at ho er i kjempeform. Ho kom inn på 5. plass med ni treff. Her var det 48 deltakarar i klassen. Ho følgde dermed opp den flotte 8. plassen frå laurdag.


Jon Bjarte Rinde gjorde det også sterkt denne helga, og gjekk inn til 5. plass med ti treff i 12-årsklassen. Her var det heile 110 deltakarar i klassen.


- Å vere på pallen på Liatoppen er ei stor oppleving. Det er mange deltakarar i kvar årsklasse, og nokre klassar med over 100 utøvarar. I dei eldste klassane er det også med deltakarar frå Tyskland, Frankrike og Polen», oppsummerer leiar i skigruppa Trude Undebakke.


Les meir om: Sport Skiskyting Vik

Siste saker Gå til framsida