STENGD: Riksveg 13 over Vikafjellet vart stengd i natt. (Arkivfoto)

Stengt over Vikafjellet

Riksveg 13 over Vikafjellet stengde like etter midnatt på grunn av uvêr i fjellet.

Publisert 14.02.2018 kl. 06.40.

Det melder Statens vegvesen.


Dei andre fjellovergangane inn og ut av Sogn er opne.


På fylkesveg 50 Hol-Aurland, er det liten kuling, noko redusert sikt lette snøbyger og minus fem grader.


E16 over Filefjell har laber bris og lette snøbyger. Her var det minus tre grader i morgontimane onsdag.


Det same er tilfelle på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.


På fylkesveg 53, Tyin-Årdal, var det minus seks grader, laber bris og opphaldsvêr klokka 05.30 onsdag morgon.


 


Siste saker Gå til framsida