STENGJER KLOKKA 17: Fylkesveg 53 ved Finnsåstunnelen blir stngd frå klokka 17.00 grunna fare for ras. Ny vurdering blir gjort laurdag morgon klokka 08.00. (Foto: Jan Egil Fimreite)

Stengjer vegen grunna rasfare

Rasfare ved Finnsåstunnelen gjer at fylkesveg 53 i Årdal blir stengd frå klokka 17.00 i dag, fredag.

Publisert 09.02.2018 kl. 14.16. Oppdatert kl. 14.25.

- Vêrutsiktene fortel at det er fare for ras i området ved Finnsåstunnelen. Difor har me valt å stengja vegen der når oppryddingsarbeidet blir avslutta klokka 17.00 fredag, seier operatøren ved vegtrafikksentralen i Bergen.


Han fortel at dei stengjer vegen fordi det ikkje er vakt på staden etter klokka 17.00 fredag.


Til laurdag morgon

Fylkesveg 53 mellom Ådalstangen og Vikadalen blir i første omgang stengd fram til laurdag morgon klokka 08.00. Då skal ein geolog sjå på tilhøva ved Finnsåstunnelen, og vurdera om det er mogleg å opna vegen att.


Så lenge fv. 53 mellom Årdalstangen og Vikadalen er stengd, tilrår vegvesenet omkøyring via E16 over Filefjell og fylkesveg 53 Tyin-Årdal.


Sjå oppdaterte vegmeldingar her


Siste saker Gå til framsida