Stengd: Riksveg 13 over Vikafjellet er no stengd. Over Hemsedalsfjellet kan det bli innført kolonnekøyring på kort varsel. (Foto: Arkiv)

Stengd over Vikafjellet

Riksveg 13 over Vikafjellet er no stengd på grunn av uvêr.

Publisert 22.11.2017 kl. 06.12. Oppdatert kl. 06.37.

Også på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet kan det bli innført kolonnekøyring på kort varsel. Klokka 05.30 var det redusert sikt, liten kuling og snø over Hemsedalsfjellet.


E16 over Filefjell har fri ferdsel. Her er det frisk bris og snø.


På fylkesveg 50 Aurland-Hol er det også redusert sikt nokre stader, frisk bris og snøbyger.


På fylkesveg 53, Årdal-Tyin er det liten kuling og snø, men var klokka 05.40 open for fri ferdsel.


 


Siste saker Gå til framsida