VANSKELEG: Jobben med å reinska fjellsida etter det massive raset ved Finnsåstunnelen har bydd på vanskelege arbeidsforhold. (Foto: Elin Hæreid)

Vegen opnar ikkje før torsdag tidlegast. Ordføraren håpar på båt som alternativ for persontrafikk

Jobben med å reinska fjellsida etter det massive steinraset ved Finnsåstunnelen har bydd på vanskelege arbeidsforhold.

Publisert 06.01.2018 kl. 13.08. Oppdatert kl. 14.21.

 - Me har ikkje kome opp med folk som skal reinska rasløpet på grunn av glatte småberg og isdekke, seier Bjørn Indrebø, kontrollingeniør i Statens vegvesen. 


Ei anna utfordringa er at det er svært bratt i området, og at det ligg mykje rasmasse og tre som må fjernast.


- Me byrja arbeidet klokka 08.00 laurdag morgon, men me fekk problem med å koma oss opp til området som skal reinskast. Me henta inn helikopter som skulle fira ned folka våre, men så gjekk ikkje det. No har me bestilt Puma-helikopter som skal spyla ned heile rasløpet, og dei er på plass onsdag morgon.


Håpet var at eitt køyrefelt skulle opna søndag, men no må vegvesenet ta ei ny vurdering etter at dei har fått spylt med hjelp av Puma-helikopteret onsdag. Indrebø vil ikkje garantera opning torsdag heller.


- Då må me ta ei ny vurdering. Det må vera heilt trygt for mannskapet på bakken som skal fjerna massen på vegen. Dei får ikkje gjort noko før alt er sikra oppe i fjellsida.


Ordførar Arild Ingar Lægreid seier kommunen no jobbar med fylkeskommunen om å få på plass båt frå måndags morgon for persontrafikk.


- Me har eit ønskje om båt som alternativ for persontrafikk, men det er uansett ikkje aktuelt før måndag, seier han.


Tyin - Årdal

Det var torsdag klokka 14.15 at politiet fekk melding om at det hadde gått eit stort ras rett ved tunnelmunninga av Finnsåstunnelen på fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Fodnes. Dette er ein trafikkert veg med årsdøgntrafikk på om lag 800 bilar.


Einaste vegen inn til Årdal slik situasjonen er no, er via fylkesveg 53 Tyin-Årdal. Indrebø seier dei har betre prioritet på denne strekkja. Blir denne vegen stengd, blir årdølene heilt isolerte. 


- Det har meldt vind og nedbør søndag morgon. Vinden skal auka ut på ettermiddagen, så me vurderer om me skal sprenga der oppe, seier han, og siktar til skredtårn som automatisk utløyser skred. 


På denne måten eliminerer ein dei største rasfarane på strekninga og intensjonen er at vegen skal vera mindre stengd.


- Det er ikkje kjekt for oss dersom me blir isolerte, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.


Kriseleiing i kommunen skal ha eit møte søndag for å diskutere kva dei skal gjera so lenge vegen er stengd, og dersom vegen over Tyin skulle bli stengd. 


- Det er etablert legevakt på kveldstid og natt. Denne ordninga gjeld så lenge vegen er stengd. Politi har også vaktordning i Årdal. I tillegg har me kontroll på brukarar i Vikadalen som treng heimetenester. Desse vert flytta til ÅBO dersom vegen vert stengd i fleire dagar, sa Lægreid til Sogn Avis fredag.


 


Les meir om: Nyhende Samferdsle Årdal

Siste saker Gå til framsida