KRISESTAB: Kommuneleiinga har vore samla i ettermiddag for å få oversyn over situasjonen. Frå venstre: fungerande rådmann Svein A. Grindhaug, ordførar Arild Ingar Lægreid, leiar for heimetenestene, Hilda E. Nese og brannsjef Gaute Johnsgaard.

Umogleg å setta inn ferje

- Det er heller ikkje naudsynt så lenge bygda ikkje er isolert, seier ordførar Lægreid.

Publisert 04.01.2018 kl. 16.17.

Spørsmålet om det er trong for å setja opp ferjetransport inn til Årdalstangen, var i grunnen ikkje på agendaen då kommuneleiinga var samla like før klokka 15.30 i ettermiddag.


- Kaianlegget på Årdalstangen er ikkje i ein slik forfatning at det er mogleg å leggja til med bilferje, opplyser kommunalsjef Svein A. Grindhaug. 


- Det kunne vore mogleg når det gjeld persontransport, men det er per no ikkje noko me jobbar med.


Kaien på Tangen har tidlegare vore nytta ved eitt høve i samband med ras for om lag 12 år sidan, då det vart sett opp bilferje til bygda for fyrste gong sidan sambandet vart nedlagd på 90-talet. 


Det er ikkje mogleg å få til i dag, opplyser ordførar Arild Ingar Lægreid. 


- Bygda er ikkje isolert, det er meldt fint, stabilt ver og det er mogleg å komma seg over fjellet. Så lenge det er farbare vegar ut av bygda, er ikkje ferje noko me jobbar med,  legg han til.


Les meir om: Nyhende Beredskap Årdal