Helse Førde etablerte laurdag kveld båtberedskap på Årdalstangen. Saman med lokal ambulanse i Årdal vil dette sikra transport ut av kommunen dersom det skulle bli nødvendig. (Foto: Elin Hæreid)

Helse Førde har styrka beredskapen i samband med at Årdal er isolert

Helse Førde har styrka den akuttmedisinske beredskapen i Indre Sogn i samband med rasstenginga på fylkesveg 53 i Årdal kommune.

Publisert 07.01.2018 kl. 12.10. Oppdatert kl. 12.50.

Helse Førde etablerte laurdag kveld båtberedskap på Årdalstangen. Saman med lokal ambulanse i Årdal vil dette sikra transport ut av kommunen dersom det skulle bli nødvendig.


Saman med Årdal kommune si styrking av legevaktstilbodet, har Helse Førde sett i verk tiltak for å sikre innbyggjarane trygge og gode helsetenester ved å styrke den akuttmedisinske beredskapen i ein krevjande situasjon, melder helseføretaket. 


Ambulansetenesta i Lærdal er også styrka, og har to bilar i døgnberedskap. Styrkinga er gjort for å sikre forsvarlege responstider for innbyggjarane sidan reisetida til sjukehus blir lenger som følgje av vegstenginga. 


Løysinga vert vidareført så lenge vegen mellom Årdal og Fodnes er stengd, melder Helse Førde.


Les meir om: Nyhende Årdal Beredskap