Fylkesveg 53 Årdal - Tyin er stengd.

Fjellet stengd: Det er heilt jævlig her oppe

No er over 5000 menneske i Årdal heilt isolerte.

Publisert 07.01.2018 kl. 11.37. Oppdatert kl. 12.50.

Fylkesveg 53 Årdal - Tyin er stengd.


- Det er heilt jævlig her oppe. Me finn ikkje vegen sjølv, og det skal bli verre og verre utover dagen. Eg vil ikkje risikera at det står ein heil dunge med bilar her, seier brøytebilsjåfør Olav Birger Hæreid


Uvêr skapar trøbbel på fjellovergangane i helga. Vegen mellom Årdal og Fodnes er stengt grunna ras ved Finnsåstunnelen. No er også omkøyringsvegen mellom fv 53 Årdal - Tyin stengd.


I utgangspunktet var det meininga at det skulle vera kolonnekøyring over fjellet frå klokka 12.00, med første kolonne frå vest mot aust. Det utgår no på grunn av uvêret.


- Me lyt berre kutta ut. Me kjem ikkje fram med brøytebilane ein gong. Eg ser ikkje frå stikk til stikk. No lyt me berre prøva å koma oss ned att på brøytestasjonen, seier Olav Birger Hæreid.


Han og resten av brøytebilmannskapet har i det lengste prøvd å halda vegen open, men seier uvêret er so ille at det ikkje er forsvarleg å senda personbilar over fjellet.


Brøytemannskapet vil prøva til att så fort det lèt seg gjera. Så blir det opp til vegvesenet å vurdera om vegen kan opna att i løpet av dagen.


- Det kan jo henda vêret snur, og då må me prøva å opna att. Dette er einaste veg til og frå Årdal, seier Hæreid.


På grunn av veldig dårleg ver, er også riksveg 52 over Hemsedalsfjellet no stengt for all trafikk, det melder Statens vegvsen.