NY SATSING: Svein Olav Langåker fryktar for den nye digitale satsinga Framtida junior som vert lansert neste veke.

Uvisse for digitalt tilbod på nynorsk for barn

- Eit kutt i statsstøtta vil gå hardt ut over populære nynorske tilbod til barn og unge som Framtida.no, Magasinett og Pirion, åtvarar dagleg leiar Vidar Høviskeland i Landssamanslutninga av nynorskkomunar (LNK).

Publisert 12.10.2017 kl. 14.17. Oppdatert kl. 14.19.

- Eit kutt i statsstøtta vil gå hardt ut over populære nynorske tilbod til barn og unge som Framtida.no, Magasinett og Pirion, åtvarar dagleg leiar Vidar Høviskeland i Landssamanslutninga av nynorskkomunar (LNK). Framlegget til statsbudsjettet kuttar støtta til LNK med 1,2 millionar kroner.


- No må me be om hjelp frå Stortinget igjen, skriv han i ei pressemelding.


Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) mista den faste støtta over kulturbudsjettet frå 2015. Dei siste tre åra har Kommunalkomiteen redda LNK i siste liten gjennom tilskot som i 2017 var på 1,2 millionar kroner. Kulturdepartementet kom tilbake med ei støtte på 300.000 kroner i 2017.


LNK søkte om å få heile støtta på 1,5 millionar frå Kulturdepartementet i år, då Kommunaldepartementet ikkje har slike støtteordningar som det kan søkast på. Dagleg leiar i LNK Vidar Høviskeland er skuffa over at statsbudsjettet berre har ei løyving på 310.000 kroner.


 


Lanserer ny satsing

Tilboda for barn og unge har så langt i år hatt til saman over ein halv million brukarar. Neste veke på Stord er LNK med på å starta Framtida junior, eit stort digitalløft på nynorsk for barn mellom 7 og 13 år.


Redaktør i LNK-nytt, Svein Olav B. Langåker, er uroa for kva kuttet har å seia for satsinga framover.


- Eit kutt i statsstøtta kjem på eit verst tenkeleg tidspunkt for oss no rett før me lanserer Framtida junior. Me treng fleire digitale tilbod på nynorsk, og veit at det er mange lærarar som har etterlyst eit slikt tilbod. 


 


Set si lit til Stortinget

Langåker vonar politikarane på Stortinget ser at dette er ei viktig satsing, og arbeider for å få på plass ei større løyving til LNK enn det statsbudsjettet legg opp til.


- Ja, me vonar det vert ei løysing på dette her, seier Langåker.


LNK driv også med språkkurs, språkleg rettleiing og anna nynorskarbeid retta inn mot dei 123 medlemene. Av desse er 103 kommunar og fire fylkeskommunar.


 


Siste saker Gå til framsida