Startar jobben med å rydda raset på Vikafjellsvegen

Tek i bruk helikopter for å kunne starta ryddinga vegen over Vikafjellet.

Publisert 26.01.2018 kl. 11.27.

SISTE: Arbeidet med å rydda raset har no starta. Det vart ikkje synfaring med helikoper som planlagt fredag, men vegvesent opplyser at dei har sjekka snøforholda.


Arbeidet med å rydda det store raset som stengjer riksveg 13 i Kvassdalen på hordalandssida av Vikafjellet, skal etter planen byrja fredag.


Minusgrader

- Heile fjellsida i Kvassdalen har gått. Der mange småras som har gått heile vegen, men berre eitt har gått over vegen. Det har kome borti ein halvmeter nysnø, og ti til femten centimeter berre i natt, fortel Geir Ove Engebø, kontrollingeniør i Statens vegvesen.


Vegvesenet vil ta i bruk helikoper for å få ned eventuelle skavlar som heng att i fjellsida.


- Me vil grava ein snøprofil for å sjå kor stabil snøen er. Slik vêret har vore i natt og er no, med minusgrader, skal snøen ha stabilisert seg. Det har ikkje vore skredaktivet i natt, opplyser Engebø litt før klokka 11 fredag.


Han rekna då med at helikoptert skal vera framme i halv 12-tida og at dei då vil freista å få ned det som eventuelt heng att i fjellsida i Kvassdalen med gassklokke som sender sjokkbølgjer nedover i snølaget eller ved hjelp av dynamitt. 


Vil ta fleire dagar

- Så vil me fly til Skjelingavatnet og Ygnesdalshamrane og gjera det same der, seier Engebø, og opplyser at dei som ryddar snø på Vikafjellet, ikkje frå brøyta forbi hamrane før dei har vore der med helikopteret.


Engebø opplyser at Vikafjellet ikkje blir opna før etter helga.


- Det vil nok ta to dagar berre år rydda raset i Kvassdalen, og det kjem an på vêrtilhøva om dei kan jobba i helga.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Vik