MANGLAR: Ein bussjåfør mangla det meste av papir under ein streifkontroll fredag. Både sjåfør og passasjerar stakk av under kontrollen. (Illustrasjonsfoto)

Stakk frå kontroll

Både sjåfør og passasjer fordufta under ein streifkontroll av ein buss frå Estland.

Publisert 21.08.2017 kl. 06.20. Oppdatert kl. 06.31.

Kontrollen, som vart gjennomført av Statens vegvesen, var i Gudvangen og Flåm.


Det synte seg at sjåføren mangla det meste når det gjeld papir. Vognkortet mangla og sjåføren hadde heller ikkje sjåførkort til fartsskrivaren i bussen. Det hadde han ikkje hatt på heile turen. Han hadde heller ikkje løyve til å driva persontransport. Fartsskrivaren i bussen var ikkje kalibrert sidan 2010, bussen hadde heller ikkje bombrikke.


Sprikande forklaring

Statens vegvesen fekk under kontrollen også sprikande forklaring på kvar og korleis sjåføren hadde fått tak i bussen og kva avtale han hadde på denne.

Under kontrollen fordufta både passasjerar og førar. Dokumenta til føraren og skilta på bussen vart i samråd med politiet teke med frå staden av Statens vegvesen. Saka blir følgd opp.

Under den same streifkontrollen vart ein bussjåfør ifrå Litauen pålagt å ta ei vekekvile på 45 timar før vidare køyring.

Søndag kveld gjennomførte UP ein fartskontroll i 60-son i Slindaviki.  Totalt 6seks forenkla forelegg vart skrivne ut, høgste fart var 82 km/t.


Siste saker Gå til framsida