Særs grove brot på køyre- og kviletida

Publisert 13.09.2018 kl. 15.22.

Ein polsk sjåfør vart torsdag meld for særs grove brot på køyre- og kviletidsføresegnene etter ein kontroll på Håbakken.


Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding. Sjåføren hadde køyrt delar av turen utan kort i fartsskrivaren for å skjule brota sine.


Dette resulterte i lange køyreperiodar og alt for korte døgnkviler. Kortaste døgnkvile var på to timar og 54 minutt i 24-timarsperioden. 


Totalt var det 46 køyretøy innom plassen for vurdering. Av desse vart 10 kontrollert nærmare. 


Ein anna polsk vogntogførar fekk køyreforbod for fleire forhold under same transport. Køyretøyet var for langt, for breidt, samt det var lasta bak lasteberarens bakre begrensing på semitrailer. I tillegg til dette hadde sjåføren sikthindrande gjenstandar i frontruta og lastsikringa var heller ikkje god nok. 


Eit tredje polsk-registerert vogntog hadde overlast og måtte laste om, samt han måtte betale 2.900 kroner i overlastgebyr før han fekk køyra vidare. 


Som om ikkje det var nok, eit fjerde vogntog frå polen mangla avtale på bombrikke og førar fekk gebyr på 8.000 kroner. Føraren fekk også køyreforbod for å ha eit stort bord i frontruta. Dette var andre gong han vart stoppa med bordet og vil ved neste kontroll verte meld for dette. 


I tillegg vart ein tysk vogntogførar meld for å ikkje stoppa for skilta kontroll, medan ein latvisk bussjåfør vart pålagd 24 timar vekekvile før vidare køyring. Passasjerane vart frakta vidare med ein annan buss. 


Les meir om: Nyhende Notis Trafikk