SOGNEFJORDEN PÅ LANGS: Medan Malene Haukøy Blikken fauk over den eine fjelltoppen etter den andre, rulla pengane inn på konto til MS-forbundet. (Foto: Håvard Nesbø)

Sprang for dei som ikkje kan: Fekk inn over 50.000 kroner

I sommar sprang Høyanger-jenta Malene Haukøy Blikken Sogneforden på langs, der inntektene skulle gå til MS-forbundet.

Publisert 03.08.2018 kl. 15.11. Oppdatert kl. 16.31.

Den spreke jenta starta langløpet på Skjolden 2. juli og enda i Hyllestad laurdag 7. juli. Medan Malene fauk over den eine fjelltoppen etter den andre, rulla pengane inn på konto. No kan ho avsløra at det kom inn over 50.000 kroner.


- Det er mykje meir enn eg hadde trudd, og det heile enda som ein stor suksess, seier 27-åringen, som brukte seks dagar på turen på 303 kilometer og nærare 21 høgdemeter. 


- Det har vore eit eventyr. Og eg synst det er så kjekt å sjå at det er så mange som har engasjert seg. Det er mange enkeltpersonar som har gjeve store summar, det varmar skikkeleg, seier ho.


Sprang for dei som ikkje kan

Malene er oppvaksen i Høyanger og bur i Sogndal og er mellom landets beste kvinner til å springa fort i fjellet. Men denne turen har altså hatt eit spesielt mål: Å springa for dei som ikkje kan.


Mor hennar har MS (Multippel Sklerose) og Haukøy ville setja søkelys på sjukdommen og samla inn så mykje pengar som mogleg til MS-forbundet.


- Når eg er ute og spring i fjella tenkjer eg ofte på kor heldig eg er som kan gjere dette, kor heldig eg er som har ein velfungerande kropp. Det set ting litt i perspektiv. Mamma har det bra og er på turar sjølv, men det er takka vera medisinar og forsking som gjer at ho er så frisk og har det så godt, seier Blikken, som håpte på at ho skulle samla inn mellom 10.000 og 15.000 kroner.


- Då eg byrja planleggja prosjektet innsåg eg at det var ein gyllen moglegheit for å gjera noko meir ut av det. Men eg hadde aldri trudd at eg skulle få inn over 50.000 kroner. Så eg er svært takksam for alle som har bidrege. Eg veit at det er mange aksjonar ein kan bidra til og det er ingen sjølvfølgje at folk skal gje så mykje pengar som folk her har gjort. 


Takkar for rekordgåva

Generalsekretær Mona Enstad i MS-forbundet med 9000 medlemer, seier til NRK at dei ikkje er vande med slike gåver.


- Eg trur ikkje vi har hatt noko liknande der aksjonen til ein person har ført til ein slik stor sum. Me får ikkje mange forskningsgaver, så tilskotet til forskingsfondet vårt i året varierer Om vi ikkje har spesialaksjonar ligg det på 200.000-300.000 kroner, så 50.000 kr er veldig mykje, seier ho.


- Eg trur beløpet betyr mykje for MS-forbundet, og eg veit at desse pengane til å bli brukt fornuftig. Eg har sjølv prata med MS-forbundet, og dei har sett stor pris på det eg har gjort, seier Blikken, som no har hatt litt kvile før ho skal i aksjon att med nye langløp i slutten av august og månadsskifte september/oktober.


- Først skal eg til Italia, så skal eg til Skottland og Bulgaria for å delta i verdscup i Ultraløp. Det blir lange og tunge løp, men eg gler meg, seier ho.


Les meir om: Sport Fjellsport Sogndal

Siste saker Gå til framsida