Valsvik teken for promillekøyring: – Eg har skuffa alle

På veg til trening søndag 18. mai vart Sogndal-spelaren Gustav Valsvik (20) teken i promillekontroll.

ANGRANDE SYNDAR: Gustav Valsvik (20) vart teken i promillekøyring på veg til trening søndag. - Eg har skuffa alle, seier 20-åringen.

ANGRANDE SYNDAR: Gustav Valsvik (20) vart teken i promillekøyring på veg til trening søndag. - Eg har skuffa alle, seier 20-åringen. (Foto: )

DEL

Midtstopparen vart mål til 0,25 i promille, vart teken med til politistasjonen for blodprøve og er no under etterforskning for hendinga.

– Eg har skuffa alle. Meg sjølv, spelargruppa, trenarane, klubben, familien min og dei unge spelarane i fylket som eg bør vera eit førebilete for, seier Valsvik til Sogn Avis.

– Dumt

Han møter Sogn Avis på kontoret til sportsleg leiar Håvard Flo for å leggja alle korta på bordet. 20-åringen fortel at han drakk alkohol på 17. mai, og sette seg i bilen dagen etter for å køyra til lagets nest siste treningsøkt før heimemøtet med Brann i morgon. Kort tid seinare vart han stoppa av lovens lange arm.

– Eg tenkte ikkje på at eg kunne ha alkohol i blodet. Men det var veldig dumt gjort, då eg er opplærd av foreldra mine til å ikkje kombinera bil og alkohol. Ein dum feil, rett og slett, seier den angrande syndaren, som sjølv tok kontakt med klubben kort tid etter episoden.

– Eg ringte Eirik Bakke og fortalde kva som hadde skjedd. Eg hadde ingenting å tena på å prøva å halda dette hemmeleg. Difor vel eg også å stå fram med dette no, og er førebudd på å ta den straffa som vil koma, seier Valsvik til Sogn Avis.

– Bryt med verdiane

Stemninga i rommet er fatta, men prega. Sportsleg leiar Flo seier at dette er ei handling klubben tek sterk avstand frå.

– Me er veldig skuffa over at Gustav har sett seg i ein slik situasjon. Det bryt totalt med klubbens verdiar og reglar, og er beklageleg og trist, seier Flo til Sogn Avis.

Kva konsekvensar dette vil få for Valsvik er han tilbakehalden med å svara på.

– Dette vil få konsekvensar, då det er eit brot mot klubbreglane. Men korleis me handterer det vidare er ei personalsak, som me tek internt og ikkje vil kommentera utad, seier den sportslege leiaren.

Vraka mot Brann

Ein umiddelbar konsevens er at Valsvik ikkje får spela morgondagens storkamp mot Brann på Fosshaugane. Under treningsøkta i føremiddag vart Bjørn Inge Utvik drilla i forsvarstrearen saman med Azar Karadas og Hannu Patronen, medan Valsvik køyrde løpsøvingar på andre sida av bana med fysisk trenar Ørjan Nygård.

– Gustav er ikkje klar for kamp, då han ikkje er førebudd til å spela. Han har vore ute og drukke alkohol, og med alt som skjer rundt han er ikkje hans fokus klart til å spela match, seier trenar Jonas Olsson til Sogn Avis etter treninga.

Det er ei avgjersle spelaren sjølv har full forståing for.

– Det er ein konsekvens av det eg har gjort. Det må eg tola, då dette berre er min feil.

Klubbreglane til Sogndal er at spelarane ikkje har lov til å drikka fire dagar før kamp og to dagar før trening. Valsvik braut dermed begge desse i det han valde å innta alkohol på nasjonaldagen.

– Det var feil. Ein tabbe. Eg har skuffa alle, og er forbanna på meg sjølv, gjentek den nydusja vikjen.

Får ros

Dermed må han følgja Brann-kampen frå tribuna, betala ei klekkeleg bot og truleg klara seg utan førarkortet i nokre månader.

– Det er kjedeleg og trist at dette skjer, men på same tid står det stor respekt av den openheita Gustav har vist i denne saka. Han veit best av alle at han har gjort noko gale, og slik eg kjenner Gustav som type vil han ta ekstremt god lærdom av dette, seier Flo til Sogn Avis.

Og sjølv om Valsvik vil få sin straff, både frå påtalemakta og Sogndal, vil klubben passa på å ta vare på spelaren framover.

– Me tek som sagt sterk avstand frå dette, men skal óg vera medmenneske for Gustav og hjelpa han i den vanskelege tida som kjem. Og på sikt er eg sikker på at Gustav vil koma styrka ut av dette personleg, seier Flo.

NB: I etterkant av intervjuet med Sogn Avis har Sogndal Fotball lagt ut ei pressemelding på eigne nettsider, der dei understrekar at dei tek sterk avstand frå ei slik hending, då den bryt både norsk lov, klubbens eigne reglar, og heile dens verdigrunnlag. I pressemeldinga skriv dei óg at partane ikkje vil kommentera saka vidare.

Artikkeltags