Terum vart nordisk meister

Sander Sekkingstad Terum frå Aurland vart nordisk juniormeistar på 3000 meter hinder i dag.

SIGRA: Sander Sekkingstad Terum vart nordisk meiser på 3000 meter hinder søndag.

SIGRA: Sander Sekkingstad Terum vart nordisk meiser på 3000 meter hinder søndag. (Foto: )

DEL

Løpet gjekk i Växsjø i Sverige, der Terum sprang inn til ny personleg rekord på tida 9.28.60.

Aurlendingen låg i fremste del av feltet heile løpet, men tok først leiinga 250 meter før mål då han sette inn spurten og passerte Jakob Abrahamsen frå Danmark.

– Taktikken var å ligga litt bak i feltet og sjå an tempoet, for deretter å koma sterkt mot slutten. Det fungerte godt, då eg hadde bra med saft i beina, seier Terum til Sogn Avis etter løpet.

Formen attende

Utandørssesongen hans har vore prega av sjukdom, difor gjorde det eksta godt å vera attende på toppen av pallen i dag.

– Det er veldig godt å kjenna at formen er attende. Det var hard konkurranse i løpet, så dette er ein av titlane mine eg vurderar høgast, seier Terum.

Artikkeltags