Sølvgutane feira med pizza

Sogndal G-15 tok sølv i Dana Cup, etter strålande innsats. Og feirar med pizza og brus.

(Foto: Idar Henning Måren)

DEL

Sæby vart for sterke i finalen før i dag, og vann forholdsvis komfortabelt med 3-1.

Henrik Navarsete skåra eit trøystemål for Sogndal like før slutt, men danskane sin siger var ikkje truga.

Sogndølene, eller rettare sogningane, er likevel strålande nøgde med innsatsen. Dei tok seg til finalen i denne utgåva av Dana Cup utan eitt einaste baklengsmål.

Dette gutelaget er samansett av 14. og 15.åringar frå heile regionen. Dei fleste kjem frå Sogndal, men også Aurland, Syril, Årdalstangen, Kaupanger og Høyanger har spelarar på laget som blir trena av sogndølene Frode Navarsete og Jon Stedje.

Gutane og støtteapparatet feira sølvmedaljane med piza og brus.

Artikkeltags