Sogndal vann gjørmekrigen

Av

Sogndal G14 er i kvartfinale i B-sluttspelet i 11'er fotball etter å ha slått ut Klemetrud på "Golden Goal" torsdag. No er bana stengt for meir fotball i dag.

Sogndal fekk kjenna på den første regnvêrsdagen på Norway Cup, kaptein Jonas Hove i midten.

Sogndal fekk kjenna på den første regnvêrsdagen på Norway Cup, kaptein Jonas Hove i midten. (Foto: Odd Inge Rand)

DEL

Laga fylgde kvarandre gjennom heile kampen. Sogndal til 1-0, Klemetsrud til 1-1 og så vidare. Ved full tid sto det 3-3 og det blei speleforlengelse til fyrste målet kom.

Slitsomt

Nokre minutt ut i fyrste ekstraomgong fekk Sogndal straffe, og kaptein Jonas Hove sette den sikkert inn på den gjørmete bana på Ekebergsletta.

- Det var slitsomt dette. Det er vanskelig å få ballen til å gå når det er mange sølepyttar på bana, seier Jonas.

- Me håpar å nå finalen, lovar Jonas.

Stengde bana

Torsdag ettermiddag var Ekebergfeltet så prega av store nedbørsmengder at arrangøren valde å avlysa resten av kampane som skulle gått utover kvelden. Bana skal etter planen opnast att fredag morgon.

Det betyr at lag frå mellom anna Vik og Syril som skulle spelt kvartfinale har fått utsett sine kampar.

Artikkeltags