Sogndal stadfestar dialog med Brann

Brann har bydd éin million kroner for Azar Karadas (32). Men Sogndal er svært lite villige til å sleppa nøkkelspelaren.

VIL TIL BRANN: Azar Karadas (32) ønskjer seg ein overgang til Brann.

VIL TIL BRANN: Azar Karadas (32) ønskjer seg ein overgang til Brann. (Foto: )

DEL

I tysdagens papirutgåve av Sogn Avis stadfesta sportsleg leiar Håvard Flo for første gong at Sogndal har vore dialog med Brann rundt ein overgang for Azar Karadas (32).

– Brann har gjort eit framstøyt, som me svarte på. Me har gjort det klart både for dei og Azar at me ikkje har ambisjonar om å selja han. Det veit Azar om, og der står saka, seier Flo til Sogn Avis.

Stor avstand

Karadas er lagets fremste profil og éin av Jonas Olssons viktigaste nøkkelspelarar, noko som gjer Sogndal lite lystne på å skilja lag med bautaen.

– Me la eit langsiktig løp saman med Azar før denne sesongen, med kontrakten på to pluss eitt år. Han er ein viktig spelar for oss, og med eit nært kommande sal av Gustav Valsvik må me tenkja på logistikken i stallen vår, seier Flo.

Etter det Sogn Avis forstår har Brann bydd om lag éin million kroner for visekapteinen. Det er langt unna kva Sogndal krev i kompensasjon for å mista ein sopass viktig spelar, difor er det førebels ikkje kome noko nærmare ein avtale.

Vil heim til familien

Då Karadas signerte for Sogndal i vinter var planen at kona og borna skulle flytta til Sogndal i sommar, for å få slutt på pendlartilveret til eidaren. No har denne situasjonen endra seg, då desse ønskjer å verta buande i Bergen.

Det er bakgrunnen for at Karadas no ønskjer seg sopass sterkt til Brann, etter at dei kom på bana igjen.

Ikkje eit problem

Å ha spelarar i klubben som ønskjer seg vekk er ikkje det mest gunstige, men den sportslege leiaren hevdar dette ikkje vil vera eit problem i Karadas sitt tilfelle.

– Azar er ein profesjonell type, som skjønar mekanismane i fotballen. Me veit at det er eit spesielt band mellom Brann og Azar, og at han har eit ønske om å spela for dei. Det er ingen løyndom for oss. At spelarar har eit ønske og ein agenda er ein del av fotballen, men på same tid lyt me tenkja på klubben, seier Flo.

– Men er det ikkje slik at viss ein spelar verkeleg vil vekk så skjer det til slutt?

– Nei, ikkje nødvendigvis. Utan samanlikning elles gjekk Liverpool til dømes nokre rundar med Suarez i fjor før han vart verande. Dette handlar om profesjonalitet, og ein kontrakt er ein kontrakt, seier Flo til Sogn Avis.

Artikkeltags