Seier nei til Ødegaard

– Akkurat no føler eg at at det ikkje er større interesse enn at eg kan gjera andre ting, seier spelaren som ikkje er aktuell for Sogndal no.

Alexander Ødegaard får ikkje kontrakt med Sogndal no.

Alexander Ødegaard får ikkje kontrakt med Sogndal no. (Foto: Arkiv)

DEL

– Sogndal kunne ikkje tilby meg kontrakt no, seier Alexander Ødegaard til Firda torsdag.

Døra på gløtt

Førdianaren har trent med Sogndal i eit par veker nyleg, og har ikkje lagt skjul på at ja helst vil spela for tippeligaklubben i fylket. Etter å ha fått nei frå Sogndal, opnar han for andre løysningar.

– Sjølv om det ikkje vart noko kontrakt denne gongen står døra til Sogndal framleis på gløtt, seier Ødegaard.

Han har fått tilbod om å trena med klubben framover men er usikker på kor ofte det vil skje.

– Eg har forståing for valet til Sogndal, og deira ønskjer om at dei gjerne ville sett meg i aktivitet meir, seier han til Firda.

Les også: Ødegaard vil til Sogndal

Artikkeltags