Sæbø Nes på tredjeplass

Malin Sæbø Nes skaut seg til ein sterk tredjeplass på feltskytinga under Landsskyttarstemnet på Voss i dag.

I TOPPEN: Malin Sæbø Nes skaut seg til tredjeplass på Landsskyttarstemnet måndag.

I TOPPEN: Malin Sæbø Nes skaut seg til tredjeplass på Landsskyttarstemnet måndag.

DEL

Finalen i rekruttklassen var av det dramatiske slaget, der jenta frå Leikanger enda på delt andreplass etter å ha skote 12 treff, derav 10 innertreff. Dermed måtte det omskyting til, der Sæbø Nes tapte med knappast mogleg margin.

Ho skaut 11 treff med 6 innertreff, medan Karina Stette frå Engesetdal/Skodje fekk éin innertreff meir.

– Eg er kjempenøgd med tredjeplassen. Eg var veldig nervøs før omskytinga, men pappa seier at slikt berre er bra, seier Sæbø Nes til Sogn Avis etter den spennande finalen.

Sogningane gjorde det sterkt i dagens rekruttfinale, der fredagens vinnar på baneskytinga, Lars Ove Dulsvik frå Sogndal, enda på fjerdeplass, med 12 treff og 7 innertreff.

I tillegg enda Kjersti Fagerlund frå Tønjum Skyttarlag på tiandeplass med skyteserien 12 treff og 9 innertreff.

Les meir om Landsskyttarstemnet i Sogn Avis tysdag.

Artikkeltags