Difor vil han til Brann

Azar Karadas (32) snakkar ut om kvifor han ønsker seg heim til Brann og Bergen.

VIL TIL BRANN: Azar Karadas ønsker seg heim til Bergen av familiære årsaker.

VIL TIL BRANN: Azar Karadas ønsker seg heim til Bergen av familiære årsaker. (Foto: )

DEL

Midtstopparen har ikkje uttala seg til media etter at interessa frå Brann vart kjend førre veke, men delte tankane sine om situasjonen då han sette seg ned saman med Sogn Avis etter treninga torsdag.

Tenkjer på familien

– Eg har eit ønske om å koma nærmare familien. Eg har pendla i to år, og skal ærleg vedgå at det ikkje har vore lett på heimebane over tid. Det har vore og er utfordrande, seier Karadas til Sogn Avis.

Då eidaren signerte for Sogndal på ein toårskontrakt i februar uttala han at planen var at kona og dei tre borna skulle flytta til Sogndal i sommar, slik at det vart slutt på pendlartilværet. Men etter fleire familieråd det siste halvåret har situasjonen endra seg.

– Planar kan endrast. Kona og borna mine er etablert i jobb, skule og barnehage, og har eit ekstremt ønske om å verta verande i Bergen. Det må eg ta omsyn til, og sjå på løysingar, seier Karadas.

Nye samtalar

Den løysinga heiter Sportsklubben Brann. Etter det Sogn Avis forstår skal bergensarane vera imponert over den jobben Karadas har gjort i Sogndal – både på bana og som bidragsytar og mentor for dei unge i garderoben – og vil ha 32-åringen til Bergen for å fylla dei same rollene.

Brann ser på Karadas som ein spelar som vil løfta laget sportsleg, i tillegg til å vera ein samlande figur og motivasjonsfaktor for klubbens mange unge spelarar – akkurat som i Sogndal. Spelaren skal òg vera tiltenkt ei rolle i klubben etter at den aktive karrieren er over. Sogndal avviste eit bod på éin million kroner frå Brann denne veka, men klubbane var i nye samtalar torsdag ettermiddag, då både dei raudkledde og Karadas har eit sterkt ønske om å få overgangen i boks så kjapt som råd er.

Har sportsleg fokus

På same tid er det ikkje til å stikka under stol at Sogndal er lite villige til å sleppa spelaren, som er ein av lagets aller viktigaste brikker. Dermed kan Karadas risikera å måtte fullføra sesongen hjå veslebror på Vestlandet, mot sin vilje.

– Eg er bunden til ein kontrakt, og kjem til å vera profesjonell ovanfor den, seier Karadas, og understrekar at det som skjer utanfor bana ikkje påverkar førebuingane hans til dagens heimemøte med Viking på Fosshaugane.

– Ting kan skje utanfor bana, men i det eg går på trening og spelar kamp er det der fokuset mitt ligg. Det er slik det skal vera, og eg er fullt fokusert på å ta tre poeng mot Viking i dag, seier Azar Karadas framfor det som kan verta hans siste kamp i Sogndal-drakta.

Artikkeltags