Denne skotten skal trena Sogndal

Den skotske trenaren Ian McParland (53) blir Eirik Bakkes høgre hand i Sogndal.

SKOTTE I SOGNDAL: Den skotske trenaren Ian McParland (53, i midten) har jobba under store namn som Sven-Göran Eriksson (t.h.) og Roy Keane. Komande sesong blir han Eirik Bakkes høgre hand i Sogndal. Biletet er frå då han trente Notts County i 2009.  (Foto: Rui Vieira, Scanpix)

SKOTTE I SOGNDAL: Den skotske trenaren Ian McParland (53, i midten) har jobba under store namn som Sven-Göran Eriksson (t.h.) og Roy Keane. Komande sesong blir han Eirik Bakkes høgre hand i Sogndal. Biletet er frå då han trente Notts County i 2009. (Foto: Rui Vieira, Scanpix)

DEL

53-åringen var til stades på Fosshaugane då Sogndal spelte mot Molde 26. oktober, der han etter det Sogn Avis forstår skal ha blitt samd med klubben om sin personlege avtale.

Innan regelverket

McParland får tittelen førstelagstrenar, då mykje tyder på at Sogndal går for ein «engelsk modell» i det sportslege apparatet komande sesong, der Eirik Bakke tek rolla som manager, mykje likt den modellen Molde køyrde då Ole Gunnar Solskjær var i klubben.

Dermed hamnar Sogndal innanfor regelverket om at lagets hovudtrenar må ha UEFA pro-lisens, noko Bakke førebels ikkje har. Dagens assistent Tom Mangersnes har dette, men han held ikkje fram i klubben etter årets sesong. McParland er pro-utdanna, slik at desse krava vert oppfylt.

Ordknapp Flo

Signeringen av McParland blir offentleggjort etter sesongslutt, og sportsleg leiar Håvard Flo er difor ordknapp når han blir spurt om å kommentera Sogn Avis sine opplysningar:

– Det stemmer at det var ein person her på Molde-kampen, og at me har ein i kikkerten. Me ut over det kan eg verken bekrefta eller avkrefta dette, seier Flo.

– De går for ein engelsk modell med Bakke som manager og McParland som førstelagstrenar?

– Korleis dette ser ut teknisk vil me svara på når me presenterer det nye teamet. Me er «hands on» på at dette blir gjort innan regelverket, seier Flo.

– Det vil bli endringar i trenartemaet, men me går ikkje ut med namn før etter sesongslutt, er kommentaren frå sjefen sjølv, Eirik Bakke.

Det er ein trenar med brei erfaring frå engelsk ligafotball Sogndal og Bakke har sikra seg.

Den Edinburgh-fødde skotten spelte brorparten av sin aktive karriere som spiss for Notts County, der han noterte seg for 221 kampar og 69 mål. Etter det var han to år i Hull City, før han spelte fotball i både Malta, Hongkong og Nord-Irland mot slutten av karrieren. Etter at McParland la fotballskoa på hylla blei han reservelagstrenar i storklubben Nottingham Forest, ei rolle han hadde i nærare ti år. I 2006 tok han over a-laget då Gary Megson fekk sparken, og blei mellom anna kåra til «månadens manager» i League One (2. divisjon) i mars etter ti strake kampar utan tap.

Jobba med Keane

Mellom 2007 og 2009 var han manager for gamleklubben Notts County der han jobba tett med svenske Sven-Göran Eriksson, før turen gjekk vidare- til Ipswich som ein del av trenartemaet til den tidlegare Manchester United-spelaren Roy Keane.

Iren fekk etter kvart sparken, slik at McParland igjen måtte ta over a-laget. I hans andre og siste kamp som sjef var han med på å slå Arsenal 1–0 i semifinalen i ligacupen. McParland hadde deretter eit kort opphald som assistent i Swindon, før han gjekk attende til Nottingham Forest som U21-trenar i februar 2013 – ein jobb han hadde fram til mars i år. Bakke skal ha kome i kontakt med McParland via sine mange kontaktar på fotballøya. Partane har halde ein tett dialog dei siste månadene før avtalen blei konkretisert i perioden rundt Molde-kampen.

Artikkeltags