Bolseth klar for Sogndal

Rune Bolseth gjer comeback i Sogndal frå 2013-sesongen.

TIL SOGNDAL: Rune Bolseth er tilbake i Sogndal frå 2013-sesongen.

TIL SOGNDAL: Rune Bolseth er tilbake i Sogndal frå 2013-sesongen. (Foto: Åserud, Lise)

DEL

Bolseth kjem gratis som bosmanspelar frå Hønefoss etter årets sesong, og har skrive kontrakt ut 2014.

– Rune er ein god og klok spelar, og har vist i år at han framleis kan levera gode prestasjonar sjølv om han er ein godt vaksen mann. Me er veldig glade for å ha signert han, seier assistenttrenar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, til Sogn Avis.

Mentor

Flo meiner Bolseth vil fylla fleire roller enn den mellom forsvaret og angrepsrekkja når han vender attende til Sogndal i januar.

– Me får ein enorm kapasitet når det gjeld mentorbygging. Unge spelarar som Stefan og Peter Aase vil nyta godt av den kunnskapen Rune sit inne med, seier Flo.

Bolseth kom til Sogndal frå Sandane i 1999, før han signerte for Hønefoss etter 2009-sesongen. I år står han bokført med ti seriekampar og to mål for laget frå Ringerrike.

Artikkeltags