Årets Superkjeringar

Jonny Øvrebø og Bertine Thorsnes Lefdal er årets Superkjeringar.

SUPERKJERINGAR: Jonny Øvrebø og Bertine Thorsnes Lefdal.

SUPERKJERINGAR: Jonny Øvrebø og Bertine Thorsnes Lefdal. (Foto: Håvard Nesbø)

DEL

Den tjuande utgåva av Kjeringi Open fekk ikkje det heilt beste veret, men frå toppen av Kjeringi til Hanahaug ved Sognefjorden var det Jonny Øvrebø(40) frå Høyheimsvik i Luster som var raskast Superkjering i herreklassen.

– Eg har vore med ti gonger før, men aldri vunne før. Dette var litt overraskande, men veldig kjekt, sa Øvrebø etter målpassering. Han kom inn på tida 53 blank. Hakk i hæl kom ein annan lustring, 18 år gamle Jacob Meløy, han hadde tida 53,42.

Og damene frå Luster ville ikkje vere noko dårlegare. Debutanten Bertine Thorsnes (16) Lefdal tok sigeren i dameklassen.

Langrennsjenta frå Gaupne gjorde det knallsterkt på langrennsetappen. Totaltida til Bertine vart 56,20.

– Telemark har eg køyrt berre ein gong før i år, men det gjekk forbausande bra det også, sa ei hoppande glad og veldig ung Superkjering.

Og lustringane gjorde verkeleg storeslem i årets Kjeringi. Team Luster vart første lag som passerte målstreken.

I forkant av løpet var det påmeld over 600 deltakarar, 121 lag og 184 Superkjeringar. Det er ei auke på nesten hundre frå i fjor.

Artikkeltags