KLART KRAV: Senterpartileiarane i Sogn og Fjordane og Hordaland, Sigurd Reksnes (t.v) og Jostein Ljones har eit klart krav til NRK. (Foto: Eirill Indrebø, Sp)

Sp-toppar med klart krav til NRK

Vil ha Vestlandsrevyen tilbake som før.

Publisert 22.01.2018 kl. 17.54.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane og Hordaland vil ha ei rikskringkasting som er nær folk og som løftar fram viktige saker for innbyggjarane på dei regionale og nasjonale sendeflatene.
Det skriv Sigurd Reksnes fylkesleiar i Sogn og Fjordane Sp og Jostein Ljones, fylkeleier i Hordaland Sp i ei pressemelding.


- Må utvidast

Dei to meiner dagens omlegging av distriktssendingane fører til det motsette.
- Sendingane må utvidast slik at samfunnsoppdraget til NRK vert ivaretatt, og der alle deler av befolkninga har eit godt tilbod.


Krev snuoperasjon

Sp-toppane peikar på at mediebransjen går gjennom store endringar der det vert færre journalistar i  avisene.
- Då treng me ei rikskringkasting som er tilstades i heile landet og som løftar lokale saker opp på den regionale og nasjonale arenaen. Senterpartiet i Hordaland og Sogn og Fjordane krev at vi får tilbake ei hovudsending på Vestlandsrevyen på 15 minutt, skriv dei i pressemeldinga.


Les meir om: Nyhende