Joachim Soltvedt sendte Sogndal 2 i føringa borte mot Høyang måndag kveld. Sogndølene vann til slutt 2-1 på Sletta. (Arkivfoto)

Soltvedt skaut Sogndal til topps på tabellen

Sogndal 2 har innteke tabelltopp i Kretsligaen etter slitesiger mot Høyang.

Publisert 11.09.2017 kl. 20.50. Oppdatert kl. 20.57.

Heimelaget stod godt imot eit sterkt Sogndal 2-lag heime på Sletta måndag kveld. 


Sjølv om gjestene skapte mange sjansar på tampen av 1. omgang, gjekk laga mållause av bana til pause.


Like etter kvilen fekk sogndølene hol på byllen, då Joachim Soltvedt sendte gjestene i føringa med eit flott skot på halvvolley.


Kort tid etter utlikna heimelaget ved Joachim Måren, som finta vekk ein Sogndal-spelar og sette lærkula i lengste hjørna, til 1-1. 


Eivind Helgesen sendte Sogndal 2 opp i føringa igjen etter 63 minutt.


Høyang prøvde alt dei kunne for å få ei utlikning, og kasta mellom anna innpå ringreven Thomas Frichsen i jakta på ei utliking, men kampen ebba ut i 2-1 siger til sogndølene i ein kamp der tabelljumboen gav god motstand. 


Edin Øy var mellom dei som var på bana frå 1. laget til Sogndal Fotball. Midtbanespelaren har slite med ein lyskeskade dei siste månadane. Årdølen starta kampen for dei kvite og svarte, men vart bytt ut like etter pause.


I Stryn vart publikum vitne til ein skikkeleg thriller måndag kveld. Gjestene frå Florø vann til slutt 5-4 over serieleiaren.


Florø såg ut til å vinne komfortabelt då dei leia 5-2 tre minutt før slutt, men to kjappe scoringar av superspissen Mads Wie, gjorde at det blei uhyre spennande på slutten.


Med Stryn-tap gjekk Rune Bolseth sine menn til topps på tabellen. Sogndølene har ambisjonar om å rykkja opp med 2. laget denne sesongen.


Siste saker Gå til framsida