Vegen over Sognefjellet er framleis stengd. (Arkivfoto: Arne Inge Synnevåg)

Sognefjellet er framleis stengd

Fylkesveg 55 over Sognefjellet er framleis stengd på grunn av uvêr.

Publisert 16.11.2017 kl. 06.42.

Det skriv vegvesenet på sine heimesider, som sist vart oppdatert klokka 06.21.


Vegen vart stengd onsdag morgon klokka 08.00.


Ved dei andre fjellovergangane er situasjonen slik i morgontimane torsdag:


E16 over Filefjell hadde snø- og isdekke, minus tre grader, flau vind og opphaldsvêr.


Riksveg 13 over Vikafjellet hadde snø- og isdekke, minus to grader, laber bris og opphaldsvêr.


Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet hadde snø og isdekke, minus to grader, svak vind og opphaldsvêr.


Fulkesveg 50 Hol-Aurland hadde snø- og isdekke, minus fire grader, svak vind og opphaldsvêr.


Fylkesveg 53, Årdal-Tyin hadde minus to grader, svak vind og opphaldsvêr.


 


Siste saker Gå til framsida