Sogndal har henta Sigurd Haugen (20) frå Odd Ballklubb. (Foto: Trond Roger Teigen / NTB Scanpix)

Sogndal har sikra seg måltjuv

Odd og Sogndal har blitt samde om ein overgang for Sigurd Hauso Haugen (20).

Publisert 03.02.2018 kl. 12.41. Oppdatert kl. 14.42.

20-åringen har skrive under på ein treårskontrakt med Sogndal, og sluttar seg til sine nye lagkameratar som for tida er på treningsleir på Gran Canaria.


Det er ikke kjent kor mykje Sogndal betalar i overgangssum, men i følgje klubben sine nettsider har Odd sikra seg andelar ved eit eventuelt vidaresal.


Dermed har Eirik Bakke sikra seg ein erstattar for Bendik Bye, som vart klar for Kristiansund BK fredag.


I Odd fekk Haugen raskt rykte på seg for å vera ein notorisk målsnik. Han står bokført med 24 kampar og seks scoringar for Odd sitt førstelag. For andrelaget blei det småpene 32 scoringar på 39 kampar, skriv klubben på sine nettsider.


Siste saker Gå til framsida