STANDPUNKT: Jennifer Mjøs (17) har tatt eit standpunkt til russefeiring. (Foto: Privat)

Jennifer seier nei til russefeiring

Den unge friidrettsstjerna Jennifer Mjøs (17) frå Aurland veit allereie første året på vidaregåande at ho ikkje skal verte russ.

Publisert 14.05.2018 kl. 11.09. Oppdatert kl. 11.24.

Sogn Avis Ung

Sogn Avis Ung lagar nyhender og reportasjar for og med ungdom i Sogn.
Dei er aktive på sosiale medier. Føl Sogn Avis Ung på snap, instagram og facebook.
Har du tips? Send dei til rakel.hamre@gmail.com
#SAUeflokken

I hennar auge er ikkje russetida høgdepunktet med vidaregåande.


- Eg trur det er fordi eg ikkje har dei same interessene som den typiske russen har, svarar ho når me spør kvifor.

AKTIV: Jennifer Mjøs satsar på friidretten. (Arkivfoto)

Ingen draum

Slik Jennifer ser det er det typiske russelivet alkohol, fest og russeknutar. Dette er noko ho føler ho ikkje treng.


Ho er nøgd slik som kvardagen hennar er no, og ser ikkje grunnen til å investera store summar og dugnadsarbeid for tre veker med russebuss, russetreff og alt som følgjer med.


- For nokre er dette kanskje ei «once in a lifetime» oppleving, men slik ser ikkje eg det.


Når ein er russ er ein under eit press forklarar ho;


- Som russ har du forventningar å leva opp til, alle kjenner til russen og slik dei ter seg og det er ikkje ein personlegdom eg kjenner meg att i.


Andre interesser

Kvardagen til Jennifer er fylt med skule, trening, kjærasten og vener. Ho driv aktivt med friidrett og har konkurrert dei siste seks åra.


«Noregs raskaste 12 åring» var tittelen ho fekk etter berre eitt år med trening. Ho har jobba hardt for resultata ho har oppnådd og ho er på alle måtar vandt med hektiske dagar.


Slik likar ho det og ho ønskjer å halde det slik i russetida også. Hennar russetid vil truleg gå ut på å leva sitt daglege liv slik som ho likar det. 


- Eg tenkjer at mi russetid vil gå ut på alt og ingenting. Eg kan framleis festa og gjere mykje av det russen gjer om eg føler for det.


Svartelister og terror

Me spør om det er noko ho ikkje likar med russen.


Ho svarar raskt at ho ikkje har noko mot russen og at dei spreiar mykje positiv energi.


- At andre vel å vere russ forstår eg godt. Svartelistene og all «terroren» russen bedriv har eg derimot ikkje like stor forståing for. Mange får ei dårleg russetid grunna spøkar som russen drar. Det er svært mange stygge ting som vert gjort med folk i russetida. For nokre går det utover skulen, dette tykkjer eg ikkje er greitt.


Ingen garanti

Sjølv om planen er inga russetid, kan ho ikkje garantere det er slik det vert.


- For alt eg veit kan eg har endra meining innan tredje klasse, men slik det ser ut no vert det inga russedress.


Les meir om: Nyhende Saueflokken

Siste saker Gå til framsida