SNØFØRE: Det var snøføre på E16 ved Langhuso tysdag morgon. (Webkamera: Statens vegvesen)

Snøføre over heile Sogn i dag

Har du ikkje lagt om til vintedekk før, gjer du lurast i å få på vinterskodning i dag.

Publisert 14.11.2017 kl. 09.36. Oppdatert kl. 09.41.

- I dag er det snøføre på vegane heilt ned til fjorden. Men det er berre på E16 i Flåm at me har fått melding om glatt vegbane her i indre delane av fylket, seier operatør Kjetil Molvær ved vegtrafikksentralen på Lærdal. 


Låg på sida

Litt lenger ute i fjorden, på fylkesveg 92 ved Svollsviki i Vik, var det ein bil som hamna utanfor vegen like før klokka 07.00 i dag, tysdag. Vest politidistrikt melder på Twitter at politiet har vore i kontakt med bilføraren, og det vart ikkje personskade i hendinga. 


Politiet opplyser at det blir oppretta sak etter trafikkulukka i Vik.


Fjellovergangane

På fjellovergangane i Sogn var det snøføre tysdag morgon. Kjetil Molvær ber dei som skal køyra riksveg 52 over Hemsedalsfjellet med tunge køyertøy om å leggja på kjetting.


Kjetting er det sikkert smart å bruka dersom nokon som skal køyra fv. 50 Aurland-Hol eller fv. 53 Årdal-Tyin med tunge køyretøy også.


Slik er meldingane frå Statens vegvesen for fjellovergangane tysdag føremiddag:


E16 Filefjell


Snø- og isdekke. Klokka 05:35 var det minus 8 grader, svak vind og snø.


Rv. 13 Vikafjellet


Snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det minus 5 grader, laber bris og snøbyger.


Rv. 52 Hemsedalsfjellet


Snødekke. Store køyretøy bør bruka kjetting. Klokka 08:00 var det minus 5 grader, laber bris og snø.


Fv. 50 Hol - Aurland


Snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det minus 5 grader, lett bris og snøbyger.


Fv. 53 Tyin - Årdal


Snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det minus 6 grader, svak vind og snøbyger.


Fv. 55 Sognefjellet


Nattestengt i periodene: Alle dagar frå 20:00 til 08:00 (neste dag).


Siste saker Gå til framsida