EVENTYRLEGE ODD: Odd Borlaug på 101 år har drege opp den eine storlaksen etter den andre i Vikja i sommar.

Snakk om fiskeflaks: Kongen av Vikja med ny storfangst

Denne gongen var fangsten til Odd Borlaug (101) så spesiell, at det er nesten ingen som trur på den.

Publisert 09.08.2018 kl. 20.25. Oppdatert kl. 21.04.

For tredje gong på ti dagar drog den ivrige fiskaren opp ein storlaks i Vikja. Den 31. juli vart Odd Borlaug historisk då han drog opp rekordlaksen på 15,8 kilo.


Berre nokre dagar seinare fekk han ein laks på 7,5 kilo på kroken.


I går, onsdag, slo han til igjen med ein storlaks på over ni kilo. Det spesielle denne gongen er måten han fekk napp, for kroken var nemleg aldri festa i fisken. 


- Kroken hadde surra seg fast i snøre og hang 20 centimeter ifrå fisken, men på ein eller anna måte hadde det blitt lagd ei løkke som hadde festa seg rundt sporen på laksen. Korleis dette har gått til, er nesten uforklarleg, seier Audun Holen i Vik jakt- og fiskelag.


- Du skulle tru at det er den største fiskeskrøna som er fortald, men det er jo faktisk heilt sant. Det var fleire som kom til og vart vitne til hendinga, legg den røynde laksefiskaren til.


Han fekk æra av å kleppa fisken etter ein tøff kamp.


- Odd sat på sin faste plass og fiska då det plutseleg rykte til, og fisken forsvann sikkert hundre meter utover fjorden, men han klara heilt på eiga hand å dra den inn att mot land. 


På vekta viste laksen ni kilo og var 98 centimeter lang. Holen ler når han fortel at han måtte klippa snøre med saks, då han ikkje klara å fiksa den enorme floka i snøret. 


- Eg måtte gjera det for å få kroken fri, snakk om fiskeflaks, seier Holen, som kan fortelja om ein eventyrleg fiskesong for Odd.


- Han har aldri hatt ein slik sesong. Dette er berre heilt rått. 

TOMMEL OPP: Her viser Odd Borlaug stolt fram fisken på ni kilo som han fekk i Vikja onsdag føremiddag. (Foto: Audun Holen)

Les meir om: Nyhende Vik

Siste saker Gå til framsida