Mattilsynet og Miljødirektoratet har utarbeidd ein meir konkret plan for korleis ein kan få tilbake villrein i Nordfjella. (Arkivfoto)

Slik skal dei få villrein tilbake i Nordfjella

Ei reetablering av villreinbestanden i Nordfjella etter sanering kan tidlegast starte i 2023.

Publisert 14.11.2017 kl. 12.31. Oppdatert kl. 13.34.

Mattilsynet og Miljødirektoratet har utarbeidd ein meir konkret plan for korleis ein kan få tilbake villrein i Nordfjella, skriv bladet Hjortevilt.


Til bladet seier Karen Johanne Baalsrud, direktør for plantar og dyr i mattilsynet at dei har laga ein plan basert på den kunnskapen dei har i dag.


- Det er viktig å påpeike at ny kunnskap om mellom anna sjukdomssituasjonen, kan gjere det naudsynt å tilpasse planen for å sikre vellukka reetablering av frisk villrein i Nordfjella sone 1.


Les også: Trist å sanera ein heil bestand


Les også: 19 rein datt første dagen


- Beste løysinga

I planen om reetablering er det vurdert kva metodar som kan nyttast og kva område rein kan hentast frå for å etablera ein frisk bestand i framtida.


Planen konkluderer med at ei reetablering med villrein frå Nordfjella sone 2 er det føretrekte alternativet.


- Genetisk likskap og korte avstandar gjer at rein frå Nordfjella sone 2 per dags dato står fram som den beste løysinga. Alternativt er det også mogleg å drive rein frå Hardangervidda, men her er avstanden lengre og dei moglege konsekvensane dersom dyr vender tilbake større, seier Yngve Svarte, avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.


 


Brakkleggingsperiode

For å få ein frisk villreinbestand i Nordfjella sone 1 krev ein først ei vellukka brakkleggingsperiode. Denne perioden startar når den antatt siste villreinen er ute av området. Før villrein blir overført til sone 1, må bestanden i Nordfjella sone 2 friskmeldast.


Det betyr oppstart tidlegast i 2023.


- Friskmelding av dei aktuelle bestandane det skal hentast dyr frå, krev at det må takast prøver av rein i desse områda i mange år framover. For å få ei vellukka reetablering, må det også sikrast midlar til forsking og utvikling av metodar som kan påvise førekomst av smittestoff i miljøet, seier Baalsrud frå Mattilsynet. 


Tidlegast 2023

Førebels er brakkleggingsperioden sett til fem år, etter råd frå VKM, men denne kan bli utvida som følgje av ny kunnskap. 


Målet med saneringsplanen er at dagens villreinbestand skal vera fjerna innan 1. mai 2018. Men det er knytt uvisse til om dette målet blir oppnådd. Ei reetablering kan difor tidlegast starte i 2023.


Les meir om: Nyhende Aurland Lærdal Dyr

Siste saker Gå til framsida