Illustrasjonsfoto.

Slagferdig avslutting på 17. mai-feiringa

Slåande argument vart tekne i bruk både i Balestrand og Sogndal natt til torsdag.

Publisert 18.05.2017 kl. 06.32. Oppdatert kl. 06.50.

Klokka eitt natt til torsdag fekk politiet melding om slagsmål i Balestrand sentrum. Før politiet kom på staden, hadde det heile roa seg ned att. Det blir likevel noko etterarbeid frå politiet si side etter denne hendinga, melder politiets operasjonssentral i Florø på twitter.


Noko seinare på natta, klokka 01.40, kom det inn melding om slagsmål i Sogndal sentrum. Politiet rykka ut til staden, men då var dei eine parten i denne krangelen gått frå staden. Også her blir det etterarbeid for politiet.


Siste saker Gå til framsida