Skreiv ut gebyr til seks tungtransportsjåførar

Publisert 07.12.2017 kl. 06.09.

Under ein kontroll av tunge køyretøy på Håbakken onsdag kveld og natt til torsdag, fekk sjåførane på seks av dei til saman 22 kontrollerte køyretøya med seg ein gebyrnota vidare. I eit av køyretøy mangla det bombrikke, noko som resulterte i eit gebyr på 8.000 kroner.


To av dei kontrollerte køyretøya hadde for tunge lass, og her vart det skrive ut gebyr på høvesvis 6.050 og 2.450 kroner. Ein sjåfør brukte ikkje pålagd verneutstyr, noko som enda med gebyr på 1.500 kroer. I tillegg vart det skrive ut gebyr for manglande vinterdekk til to køyretøy.


 


Siste saker Gå til framsida