Skreiv ut gebyr for over 23.000 kroner

Publisert 17.01.2018 kl. 07.10.

Sjåførane på tre vogntog som vart kontrollerte på Håbakken tysdag ettermiddag og kveld, vart ilagde til saman 23.550 kroner i gebyr for overlast. Det høgste gebyret lydde på 10.550 kroner.


Elles vart to sjåførar melde til politiet for brot på køyre- og kvietidsreglane. Ein av desse sjåførane vart pålagd å ta døgnkvile på Håbakken, før han fekk køyra vidare.


Til saman 185 tunge køyretøy var innom kontrollplassen på Håbakken, og av desse vart 12 køyretøy kontrollerte. Det vart skrive ut sju mangellappar, og ilagd seks bruksforbod.