KONTROLL: Det var kontroll av tunge køyretøy på Håbakken kontrollstasjon både laurdag og søndag. (Arkivfoto)

Skreiv ut fem bruksforbod

Eit vogntog med feil på bremsane og ein personbilhengar utan skilt fekk bruksforbod under ein kontroll i helga.

Publisert 05.03.2018 kl. 06.19.

Satens vegvesen sine kontollørar hadde kontroll på Håbakken laurdag og søndag. Til saman 98 tunge køyretøy var innom kontrollstasjonen, og av desse måtte 29 gjennom både vekt-, køyre og kviletid- og teknisk kontroll.


Det vart skrive ut elleve magellappar, mellom anna på eit vogntog med skeive bremser på to akslingar.


Eitt vogntog fekk bruksforbod grunna feil på ABS-bremsene både på trekkvogna og hengaren.


I ferjekøen

På tur mellom Håbakken og Sogndal kom kontollørane over ein persobilhengar utan skilt i ferjekøen på sambandet Mannheller-Fodnes. Sjåføren fortalde at skiltet var mista på strekninga Oslo-Sogn. Sjåføren må likevel venta med å bruka hengaren til nytt skilt er på plass.


I løpet av kontrollen vart det skrive ut tre gebyr: Ei  sjåfør må betala 8.000 kroner fordi det mangla bombrikke i vogntoget, ein annan må t med 500 kroner fordi vognkortet ikkje var på plass, medan det vanka gebyr på 750 kroner til sjåføren som hadde eit dekk med for dårleg mønster. 


Elles melder dei to kontrollørane om at det har vore ei stille og roleg helg med lite trafikk. Mykje av det som vart vurdert var veldig bra.


- Positivt at det var lite å ta tak i og at alt går greit i trafikken, står det i kontrollrapporten.


Siste saker Gå til framsida