Skreiv ut elleve mangellappar

Publisert 09.03.2018 kl. 06.05.

Elleve av dei kontrolerte køyretøya kvalifiserte til mangellapp, då tre kontrollørara frå Statens vegvesen hadd kontroll langs E16 på Ljøsne og Tønjum i Lærdal torsdag ettermiddag og kveld.Til saman 136 køyretøy vart stogga og kontrollerte, og eitt av køyretøya fekk bruksforbod grunna eit eksplodert dekk på hengaren.


Ein av dei kontrollerte sjåførane var meldt til politiet, då vedkomande ikkje hadde førarrett i klasse BE. Elles vart det skrive ut to gebyr for manglande vernesutstyr. Fire fekk gebyr fordi det ikkje var vognkort i bilen, og to fordi dei ikkje hadde med seg førarkortet