Kine Haugplass og Tor Kristian Dulsvik gjorde det godt i finalen i baneskytinga onsdag. (Foto: Jørn Njøs)

Skaut seg til ein sterk fjerdeplass i finalen

Kine Haugplass (14) frå Aurland vart nummer fire i finalen i baneskyting.

Publisert 08.08.2018 kl. 19.45. Oppdatert kl. 19.48.

Skyttaren frå Aurland skaut råsterke 250 poeng laurdag morgon, og dermed var ho klar for finale i baneskyting i klassen eldre rekrutt onsdag.


I finalen varta Haugplass opp med 100 poeng og sju innartiarar. Ho var dermed berre to innartiarar bak førsteplassen.


- Eg synst det var heilt topp. Eg var berre ein innartiar unna om å skyta om 2. og 3. plassen. Så dette er eg veldig nøgd med, seier 14-åringen.


Ein anna som imponerte i same klasse, er Tor Kristian Dulsvik (15). Sogndølen skaut også 250 poeng i innleiande runde. I finalen skaut han 100 poeng med fire innartiarar. Det gav han ein delt 20. plass.


Årets landsskyttarstemne vert arrangerer i Stjørdal fram til 10 august. Over 5 000 skyttarar er påmelde, og fleire hundre sogningar er på plass i Trøndelag


Les meir om: Sport Aurland Skyting Sogndal

Siste saker Gå til framsida