SIKRING: Arbeidet i fjellsida på fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Loi er i full gang.

Skal gje tryggare veg

Fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Loi skal bli tryggare.

Publisert 29.08.2018 kl. 07.06.

Arbeidet er i full gang med å rydda skog og setja opp fangnett. Det er mykje laus stein i denne fjellsida. Det er rekna med at arbeidet varar fram til 31. oktober.


Det er elles vegarbeid på mange av vegstreningane i Sogn. Fodnestunnelen og Lærdalstunnelen kan bli stengd i kortare periodar på grunn av vedlikehald.


I Goteviki i Vik held arbeidet fram. Her kan vegen bli stengd i periodar på inntil ein halv time. Dette arbeidet skal etter planen vera ferdig 31. oktober.


Det er dekkelegging på Gaularfjellet, eit arbeid som vil vera ferdig fredag.